Hopp til innhold

Støtte til festivalane

Sommerfesten på Giske, Jugendfest og Midtsommerjazz får 300 000 kroner i årleg støtte frå Kulturutvalet i Møre og Romsdal fylke.

Støtta er spesielt viktig for Sommarfesten på Giske, som også den komande sommaren skal vere eit spleiselag.

- Det er vi enormt glade for. Den offentlege støtta er ein viktig berebjelke for prosjekta våre, seier Ante Giskeødegård.