Støttar Kystdirektøren

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet, støttar tilrådinga frå kystdirektøren om den framtidige organiseringa av Kystverket. Kystdirektøren ønskjer å samle leiarskapen med fire funksjonsområde under seg i staden for dagens modell med geografisk spreiing. Andre stader langs kysten som i Haugesund-område blir mobilisert mot forslaget frå kystdirektøren. Aurdal meiner forslaget vil gjere kystverket fagleg sterkt og samstundes gi ei vesentleg innsparing. Ho føreset at samferdselsministeren baserer si avgjerd på eit fagleg grunnlag.

Ordfører i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap)
Foto: Olaug Bjørneset / NRK