På møtet var både ordførar, reklamebyrå og bygdefolk med på å fremje sine idear.
Målet for kommunen er å tiltrekke seg nye innbyggjarar. Per no er det om lag 1000 innbyggjarar, men håper å auke til 1100 i løpet av få år.
Kreativitet og diskusjon
- Dei som møtte fram vart inviterte til å vere kreative og diskutere med kvarandre, skriv Bjørnar Midtbust i ein epost til NRK.
Til høgre kan du sjå bilda frå samlinga tysdag.
Godt nøgde
Prosjektgruppa som jobbar med dette er samansett av politikarar, representantar frå kommuneadministrasjonen og ungdomsrådet. Dei var nøgde med møtet, der folk vart inviterte til å kome med innspel i fem kategoriar.
- Kva må til for at fleire skal flytte til Stordal?
- Kva er det mest positive med å bu i Stordal?
- Vel ein ting du vil forbetre i Stordal?
- Kva er mindre positivt med å bu i Stordal?
- Viss du skulle skryte av ein ting i Stordal - kva?
Prosjektet blir offisielt opna i samband med Stordalscup 2009.