Det er NHO som har rangert kommunane i Noreg. Selskapet Vista Analyse har brukt offisiell kommunestatistikk, og sett opp rangeringa etter effektiv forvaltning, korleis ressursane blir utnytta, korleis kommunane brukar den private marknaden og korleis innbyggjarane og næringslivet blir skattlagde.
Ordførar i Stordal, Charles Tøsse.
Foto: Aina Rødal / NRK– Det er veldig stas å få førstepremien i denne kåringa. Vi tek det som eit signal på at vi driv relativt godt, seier ordførar Charles Tøsse til avisa Dagens Næringsliv.
Stordal toppar statistikken i NHO sitt «effektivitet-NM», og like bak kjem kommunane Aurskog-Høland, Gausdal, Asker og Nittedal.
Ei av årsakene til at Stordal kjem så høgt på denne statistikken, er at dei har sett bort ei rekkje tenester, særleg innan teknisk sektor. Dermed kjem kommunen høgt i kategorien «bruk av marknaden».
– Vi har også «viska bort» kommunegrensa, og samarbeider mykje med nabokommunane, seier ordførar Tøsse.
Dei 10 MEST effektive
Dei 10 MINST effektive
I same område av landet kjem også sunnmørskommunen Giske sterkt ut av denne kåringa. Denne øykommunen er, ifølgje analysen, Noregs 9. mest effektive kommune.
– Vi ser at kommunane i Møre og Romsdal er opptekne av økonomi, og av å utnytte marknaden. At Stordal ikkje har eigedomsskatt støttar opp om dette. Renovasjonen har sidan 2011 vore lagt til eit stort interkommunalt selskap som set ut alle tenester, seier Hanne M. Toftdahl i Vista til Dagens Næringsliv.
Imidlertid er ikkje alle kommunane i dette området av landet like effektive. Kommunen Rindal i Møre og Romsdal er den tredje minst effektive kommunen i Noreg. Bjugn er, ifølgje statistikken, Noregs minst effektive kommune.