Hopp til innhold

Storbrann i Fræna

Miljøstasjonen i Fræna er totalskadd i brann. Avfallsanlegget blir stengt til over nyttår.

Brann Fræna Miljøstasjon

Brannvesenet tok til med sløkkinga i 6-tida tysdag morgon. Ut over morgontimane driv brannvesenet med ettersløkking.

Foto: Per-Ivar Rindarøy

Miljøstasjonen var allereie overtent då politi og brannvesen kom fram. Det skal vere både dieseltank og propanflasker i bygget.

Ikkje påsett

Brannen var ikkje påsett opplyser politiet, men på grunn av den sterke varmen har ståkonstruksjonen blitt bøyd.

- Vi kan ikkje gå inn så lenge det er varme der og det er farleg med tanke på gassar. Vi må avvente det så kva tid vi får undersøkt åstaden har eg ikkje oversikt over, seier lensmann i Fræna Steinar Hjellnes.

Store mengder parafin

Ein tankbil med 4000 liter parafin brann inne då det tok fyr i miljøstasjonen. - Gassflaskene tok fyr då vi hadde vore på staden i 2 - 3 minutt, fortel varabrannsjef Jens Petter Husøy. Vi visste ikkje kva anna som var i bygget. Men vi fekk redda unna ein tankbil og fekk sikra nokre tankar med parafin som sto på utsida av bygget. Tankbilen som sto ute var tom. Men bilen som sto inne i bygget fekk vi ikkje redda. Denne hadde 4000 liter parafin i tanken, fortel Husøy.

Overtent

Bygget er ein konstruksjon av stål. - Denne var overtent då brannvesenet og politiet kom til staden, seier operasjonsleiar Magne Fredriksen ved Nordmøre og Romsdal Politidistrikt. Vi har brukt litt tid på å finne ut kva bygningen inneheld, og me har funne at den er tilknytta ein dieseltank og propanflasker, seier Fredriksen.

Brukt av fleire

Det er fleire partar som brukar bygget, seier Fredriksen. Det er butikk i den eine delen. Også Hustadmarmor har lager i bygget. Politiet trur det ikkje var folk i bygningen då det brann. - Vi har ingen grunn til å tru at det var folk i bygningen, seier Magne Fredriksen.

Starta i butikken ?

Varabrannsjef Jens Petter Husøy seier at brannen truleg tok til i den delen som ligg nærast sjøen. - Det er i den delen der butikken låg. Men vi veit ikkje kva i butikken det er som har teke fyr. Det blir nok ei utfordring å finne brannårsaka når det har brent så kraftig, seier Husøy.

Ettersløkking

Brannvesenet tok til med sløkkinga i 6-tida tysdag morgon. Brannen er i all hovudsak sløkt, og brannvesenet driv i morgontimane med ettersløkking. Operasjonsleiar Magne Fredriksen trur ikkje det er mogleg å redde noko av bygningen. Politiet har førebels ingen formeining om kva som har forårsaka brannen. Dei fekk melding om brannen litt over klokka 4 natt til tysdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL