Hopp til innhold

Stor pågang på legevakta

Ved legevakta i Ålesund er det stor pågang og lang ventetid på telefonen laurdag. I ei pinsehelg med langfri er det mange som tar kontakt om forhold som ikkje kan vente til dei får time hos fastlegen. På spørsmål frå NRK om det er hendingar knytt til høge temperaturar og eventuelt rusmisbruk og fyll, seier legevakta at dei ikkje har kapasitet til å svare på det no.