For stor tilstrøyming av turistar skaper frustrasjon i for eksempel Lofoten og Geiranger. Skade på naturen, dobesøk i hagar, forsøpling og trengsel har ført til debatt.
Små kommunar som tar imot store mengder turistar, meiner det er urimeleg at dei skal klare å dekke alle kostnadene gjennom kommunebudsjetta. Og i Stranda kommune hadde dei venta at det kom eit signal i statsbudsjettet om at dei skulle få vere pilot for å teste ut turistskatt.
Geiranger med cruiseskip på fjorden i oktober.
Foto: Remi Sagen / NRK– Det kjem nesten ein million turistar til Geiranger kvar sesong. Det trengst mykje infrastruktur for å ta imot desse, og dei pengane har vi ikkje i kommunebudsjettet, seier ordførar Einar Arve Nordang (H).
Kjem forslag til modellar i løpet av året
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 står dette om turistskatt:
Stortingets anmodningsvedtak om å innføre en kommunal/statlig turistskatt i forbindelse med statsbudsjettet for 2024, følges opp på et senere tidspunkt.
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier dei jobbar med modellar for det han kallar besøksbidrag, og han lovar at desse modellane vil bli ferdige før nyttår.
– Det er eit ganske komplisert arbeid fordi det skal fungere på ein praktisk måte. Difor jobbar vi saman med næringa for å få til dette på ein best mogeleg måte. Eg sa i januar at vi skal få til dette i løpet av året, og det løftet har eg framleis tenkt å halde.
Synest du turistane bør betale turistskatt i Norge?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Cruise-kaos i Geiranger
I den vesle bygda Geiranger bur det rundt 200 fastbuande. Dei tar i mot opp til 900 000 turistar i løpet av ein sesong, noko som tidvis fører til kaos. Mange av turistane er i bygda berre kort tid og legg igjen lite pengar.
Turistar kjem på land frå cruiseskip i Geiranger.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKHotelldirektør Jørgen Tveiterås ved Havila Hotel Geiranger er klar på at noko må gjerast, og er skuffa over at det ikkje kom noko i forslaget til statsbudsjett som varsla.
– Det er utruleg skuffande. Eg hadde i det minste venta at vi kunne starta arbeidet med ein pilot for å krevje inn turistskatt, seier han.
Han meiner det er eit akutt behov for meir pengar for å utbetre forholda i Geiranger.
– Vi treng turistskatten for å prøve å oppretthalde eit tilbod til alle dei som kjem her om sommaren. Det er jo blitt signalisert ganske kraftig tidlegare at det skulle kome noko om dette i forslag til statsbudsjett. Det blir no lagt eit stort press på kommunen, for vi må klare å gi besøkande den verdien dei ventar når dei kjem hit, seier Tveiterås.
Hotelldirektør Jørgen Tveiterås ved Havila Hotel Geiranger er oppteken av at turistskatten ikkje berre skal gjelde dei som overnattar i bygda, men alle som stoppar innom.
Foto: Remi Sagen / NRKOvervelda
Lihua Lu frå Kina står på eit av utkikspunkta i Geiranger og tar bilete. Ho er overvelda over den spektakulære utsikta og skryt av den reine lufta. Ho meiner at turistskatt ikkje bør innførast.
– Naturen tilhøyrer alle og sjølvsagt skal vi betale for transport og liknande. Men å krevje ein ekstraskatt er ikkje nødvendig, meiner ho, som er på sin andre noregstur. Ho sjølv har råd til å betale turistskatt, men tenker spesielt på vanlege folk som kanskje kjem med ryggsekkar og telt.
Lihua Lu frå Kina er imponert over landskapet i Geiranger. Ho var i Noreg for 10 år sidan og har spart pengar for å kunne kome tilbake.
Foto: Remi Sagen / NRKLofoten skulle først
I januar besøkte næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) Lofoten. Dei har lenge søkt om å vere pilot for å teste turistskatt.
Næringsministeren lova at dei skulle få vere først ut når detaljane var klare. Nordkapp, Beitostølen og Verdsarvfjordane Geiranger og Nærøyfjorden er også nemnde som pilotprosjekt for turistskatt.
Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier ho er letta over at regjeringa i alle fall ikkje har forhasta seg og lagt skatteinnkrevjinga til hotell og overnattingsstadar.
– Eg er veldig glad for at dei ikkje kom med eit hasteforslag i alle fall. I den grad dei kunne funne på å legge skatten på hotell og restaurant og bedrifter som ikkje forårsakar trengsel og problem, seier ho.
Kristin Krohn Devold i NHO vil ikkje ha turistskatt på overnatting og restaurant.
Foto: Håkon Mosvold LarsenNHO seier næringa ønsker å teste ut pilotar ved til dømes å ta betalt for at cruisepassasjerar går i land, og skiltgjenkjenning på bilar og bussar som køyrer inn i til dømes Geiranger og Lofoten.
– Så heller at dei brukar litt lenger tid på å greie ut, enn at vi får ein skatt på feil gruppe, seier ho.
Delte meiningar
I Flåm i Aurland er det delte meiningar om at turistskatten ikkje er med i årets forslag til statsbudsjett.
– Å ha ein nasjonal turistskatt er ikkje hensiktsmessig og vil falle uheldig ut i den nasjonale samanheng. Viss ein skal innføre ein turistskatt meiner eg at det er opp til kvar enkelt kommune å avgjere, seier Per Brochman, dagleg leiar i Norways Best Group.
To cruiseskip i Flåm.
Foto: Sondre Dalaker / NRKMen ordføraren i kommunen meiner det er synd at det ikkje kom opningar for å teste ut turistskatt no.
– Eg tenker at det er veldig synt at vi ikkje får den opninga for å innføre turistskatt. Vi hadde verkeleg håpt at det skulle komme, seier Kjell Bøe Bjørgum i Arbeidarpartiet.