Hopp til innhold

Starta på igjen - verre enn før

Politiet i Ålesund måtte stoppe ein nattfest ikkje berre ein, men to gongar før det blei stilt.

Politiuniform

Politiet hadde nok å gjere også denne natta.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt, / NTB scanpix

Naboklage gjorde at ein patrulje rykte ut for å dempe bråket. Og det blei stilt medan politiet var der, og ei stund etter. Men ein halvtime seinare måtte politiet gjere vendereis, for då tok festen laus igjen, verre enn første gong. Då valde politiet å ta med seg ein av festdeltakarane.

Sju blei kasta ut

Og det var ikkje det einaste ordensmakta hadde å gjere på i natt. For i Ålesund skal ein mann i 20-åra også vore valdeleg mot ein drosjesjåfør. Og i morgontimane blei det meldt om skadeverk og knust rute ved Ålesund storsenter.

I utemiljøet i Molde var det også ampert i natt. Ikkje mindre enn sju personar blei viste vekk frå ulike utestader på grunn av uro og bråk. Også i Kristiansund blei ein mann vist bort på grunn av fyll og uro, I Langevåg i Sula valde politiet å pågripe ein mann som øydela ro og orden for andre.

Full førar og full bil

I trafikken har det og vore nokre lov- og regelbrot. For ein mann i 20-åra som blei pågripen i Volda blir det eit nokså alvorleg etterslep, sidan prøver viste at han hadde ein promille på 1,6. Han har ikkje førarkort når han vaknar i dag.

I Volda blei dessutan ein bil stoppa fordi det var for mange passasjerar i bilen. Om dei blir med og spleisar på det forenkla førelegget som føraren blei ilagt, seier ikkje soga noko om. Ein bilførar i Molde er meldt fordi han var på biltur, men ikkje hadde med seg førarkort.