Hopp til innhold

Stakk av frå politiet

Ein fengselsinnsett som var på legebesøk stakk av frå politiet i Ålesund.

Politi

Ein fengselsinnsett stakk av frå politiet i Ålesund. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Mannen hadde vore på eit legebesøk måndag formiddag, men ville ikkje vere med tilbake til fengselet. Ham stakk av frå politiet.

Folk NRK Møre og Romsdal har snakka med seier at det vart leitt etter mannen i private hagar.

Mannen hadde kome seg vekk frå politipatruljen. Politiet skaffa forsterkingar. Etter ti minutt fekk dei tak i mannen.

– Kva syns du om at slikt skjer, operasjonsleiar Kenneth Sætre?

– Det vil eg ikkje svare på. Hovudsaka her at vi fekk tak i mannen raskt etterpå.