Stadig lågare folketal

Folketalet i Møre og Romsdal auka i fjor med 0,2 prosent, noko som er det svakaste sidan 2007. Det viser tal frå SSB. I 2017 var nettoinnvandringa til fylket på det lågaste nivået på 10 år. Det er no langt færre som innvandrar til fylket samstundes som talet utvandrarar også har auka. Innanlandsk flytting gjer også at folketalet minkar. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding. Per 01.01.18 bur det totalt 266.858 personar i Møre og Romsdal.

Rosepiken og Molde rådhus
Foto: Gunnar Sandvik/NRK