Hopp til innhold

Spøkelsesgarn drep fisken

I fjordane og ute i hava ligg mil etter mil med garn som fiskebåtar har mista. Og slike spøkelsesgarn er dødsfeller for enorme mengder fisk og sjødyr..

Video Spøkelsesgarn fiskar og fiskar

Denne gongen blei det ikkje fangst, men mange hundre spøkelsesgarn blir plukka opp kvart år. Sjå video over.

På oppdrag frå Fiskeridirektoratet leitar sjarken Gripar etter garn i Bremsnesfjorden utanfor Kristiansund. Denne gongen leitar dei etter eit breiflabbgarn som skulle ligge i fjorden.

Slike garn finns det svært mange av. I årlege oppryddingar blir det plukka opp meir enn ti tusen garn som er mista. Garnlenkene fiskar og fiskar og drep ned store mengder fisk.

Terje Sørland

Terje Sørland meiner at spøkelsesgarn representerer eit stort problem

Foto: NRK

Enda større er problema med slike garn som ligg lenger ute i havet, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, Terje Sørland.

- På store djup er det lite groing på garna. Inne i fjordane og på grunnare vatn gror garna ned over tid og sluttar å fiske etterkvart.

Lisbeth Berg-Hansen

Fiskeriminister Lisbeth Bert-Hansen ber om at dei som misser garn rapporterer dette.

Foto: NRK

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen seier at problemet er stort og at det er viktig å få opp desse garnlenkene. Årleg blir det løyvd pengar til oppryddinga for her er det snakk om store ressursar som går tapt.

- Det er særdeles viktig at dei som mister garn rapporterer dette og gir posisjon som gjer det mogleg å få opp garna, seier Berg-Hansen.