Hopp til innhold

Sølvrevar på dansegulvet

Eldrebølgja svingar seg som aldri før – seniordans har tatt fylket med storm. Berre Misund kommune heng etter.

Video Seniordans

Ein ny trend har satt sving i dei eldre innbyggjarane i Møre og Romsdal. Det er ikkje mindre enn ein dansebevegelse som har spreidd seg frå Tyskland og ut i Europa og Nord Amerika, i følgje Valter Andreassen, styremedlem i Møre og Romsdal seniordans.

– Det vi dansar er eigentleg gamle folkedansar frå Vest-Europa og Nord-Amerika. Dei er modifisert litt så ein har tatt vekk rørsler som kan gi slitasje. Det har spreidd seg som ein farsott i heile landet, seier Andreassen.

Byr på fest

Molde seniordans feirar fem år og har invitert nær 200 gjestar til jubileum i Bjørnsonhallen. Fleire av deltakarane meiner dansen handlar vel så mykje om hjernetrim som fysisk trim.

– Det er sosialt, ein får bevege seg litt og så held ein fart i dette her oppe, seier Iver Birkeland og peikar mot hovudet.

Dansebølgja har nådd 33 kommunar i Møre og Romsdal, berre Misund står førebels utan.

Kjem etter

– Det ser eg at no lausnar dei snart der og, seier Ingrid Stene, leiaren for Møre og Romsdal seniordans.

Ho har følgjande vinnande argument å presentere for kommunen.

– Det er god trim og du får einslege ut av heimen sin. Eg brukar å seie at vi sparar kommunen for gamleheimsplassar.