Hopp til innhold

Snøen dempa feiringa

Nyårsfeiringa gjekk sin gang utan dei store hendingane i Møre og Romsdal. Brannvesenet takkar snøen for at det ikkje flamma opp fleire stader.

Fyrverkeri Glomset 2008/09
Foto: Kenneth Hurlen

Takkar snøen for roa

Det blei ei roleg nyttårsfeiring i Møre og Romsdal ved overgangen til 2010. I tillegg til eit par mindre brannar (sjå eiga sak under) fekk brannvesenet svært lite å gjere.

- Vi kan nok takke snøfallet for at det blei så roleg. Med så mykje snø på bakken blir det færre lyng- og grasbrannar. Vi brukar å ha langt meir å gjere, seier 110-operatør Ryan Morrison.

Nye reglar

Johnny Stølen

Johnny Stølen ved brannvesenet i Ålesund.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Johnny Stølen, som er på brannvakt i Ålesund, seier dei nye reglane med forbod mot pinnerakettar har ført til mindre aktivitet.

- Vi ser heilt klart at den nye fyrverkeritypen gir færre utrykkingar. Medan pinnerakettane kunne gå 150 meter opp i lufta og var langt kraftigare, når bakkerakettane berre 50 meter, seier Stølen.

Ein person meldt til politiet

I Kristiansund sentrum blei ein 18 år gamal mann meldt etter å ha sendt opp ulovleg fyrverkeri i sentrum.

- Han fyrte på rett framfor ei av patruljene våre, seier operasjonsleiar Finn Tore Pettersen. I tillegg er det meldt om brann i ein søppeldunk på Dale, men Pettersen seier han ikkje har haldepunkt for å seie at dunken blei sett fyr på. Tidlegare i vinter har det vore ei rekkje uoppklarte brannar i slike dunkar i Kristiansund sentrum.