Hopp til innhold

– Slinningsbua er som ein katedral

Riksantikvaren vil verne Slinningbua i Ålesund. Fiskebua er i svært dårleg forfatning, men no skal den snart 100 år gamle bygningen reddast

Slinningsbua i Ålesund
Foto: Hans-Thomas Eikrem / NRK

Slinningsbua

FORFALL: Forfallet er kome langt på Slinningsbua, men riksantikvaren meiner det er muleg å redde bygget.

Foto: Hans-Thomas Eikrem / NRK
Jørn Holme, riksantikvar

VIL VERNE: Riksantikvar, Jørn Holme, meiner Slinningsbua er som ein katedral.

Foto: NRK

Slinningsbua i Ålesund vart bygd 1916. I 1954 tok familien til dagens eigarar over bua, men dei siste tiåra har det vore liten aktivitet her, og forfallet har fått herje fritt.

Les også:

– Kystens perler

Trass omfattande skader har Riksantikvaren no bestemt at den gamle fiskebua skal fredast.

– Sjøbuer som Slinningsbua er kystens perler. Mange av dei er borte, spesielt i Ålesundsområdet. Og Slinningsbua er jo nesten som ein katedral der ho ligg ytst på Slinningsodden, seier riksantikvar Jørn Holme.

Sjå video:

Video Slinningsbua blir verna

Slinningsbua blir verna

Sentral plass

Slinningsbua

DYRT: Det vil bli dyrt å renovere buda, men riksantikvar Jørn Holme seier det fins tilskot til slikt.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Nils Anker

OPTIMIST: Direktør, Nils Anker, i Jugendtstilsenteret, meiner det er fullt muleg å redde Slinningsbua.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Slinningsbua har ein sentral plass i Ålesunds historie. Før og etter krigen vart store mengder fisk landa her.

Under krigen overvaka tyske soldatar både flytrafikk og båttrafikk frå hovudkvarteret i Slinningsbua.

Familien som eig bua, meiner ho er i så dårleg stand at ho bør rivast, men ikkje alle i Ålesund er samde i den vurderinga.

– Det er mange ting vi kan bruke bua til, til dømes leilegheiter, kontor eller lagerbygg, seier direktøren for Jugendstilsenteret, Nils Anker.

Millionrekning

No skal Riksantikvaren finne ut korleis han meiner buda vil bli tatt vare på, og kven som får millionrekninga.

– Vi har no gitt eit tilskot på 100.000 kroner blant anna til arkitekt som kan sjå på korleis buda kan byggjast om. Det er ei første handsrekking til eigaren, så får vi sjå på andre tilskot seinare, seier riksantikvaren.