Hopp til innhold

Tek sjukehusstriden til Stortinget

Sjukehusstriden i Møre og Romsdal hamnar i Stortinget. Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve seier det er skapt så mykje uvisse i saka, at helseministeren må forklare seg for Stortinget.

Elisabeth Nørve

Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve tek no sjukehusstriden opp i Stortinget.

Foto: Rune Hansen / NRK

Elisabeth Nørve (H) sender no eit spørsmål til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Helseministeren må svare på dette spørsmålet innan 6 dagar.

– No må vi berre få saka opp på dette nivået, for no må vi få ro når det gjeld desse spørsmåla i Møre og Romsdal. Eg reagerer veldig på det som har kome ut, spesielt dei siste dagane.

Har regjeringa bestemt seg?

På eit allmøte i Molde blei det hevda regjeringa alt har bestemt seg for å legge ned sjukehuset i Molde, og å byggje eit nytt felles sjukehus på Nordmøre. Desse påstandane får Elsabeth Nørve til å krevje eit svar frå helseministeren.

– Dersom det er hald i lekkasjane som har kome ut, er det veldig alvorleg. No tek eg dette opp med helseministeren, og eg kjem til å be henne om å forklare kva som har vore sagt på møtet som det er referert til. Eg forventar at statsråden kjem med eit ærleg svar.

Kvifor er det viktig å få ei slik avklaring også i Stortinget?

Vi må ha ro no. Vi kan ikkje la helseforetaka i Møre og Romsdal leve i ei slik uvisse. Det har vore mange løfte og brot på løfte og fram og tilbake. No må vi få ro, og vi må få sjå kvar vegen går vidare, seier Elisabeth Nørve.