Hopp til innhold

Tililtsvalde i harnisk

Dei tillitsvalde ved sjukehuset i Molde meiner helseministeren lyg, og at avgjerda allereie er tatt om å legge ned Molde sjukehus.

Allmøte sjukehus

Allmøte på Molde sjukehus fredag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei hevdar planen til styremaktene er at eit nytt sjukehus skal byggast på Nordmøre, nærast mogleg Kristiansund.

Allmøte

Tillitsvalde Molde sjukehus.

Frå høgre: Dei tillitsvalde Knut Ivar Egset, Bernd Müller og Tor Rune Aarø informerer under eit allmøte på Molde sjukehus fredag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Påstandane kom fram på eit allmøte på Molde sjukehus i dag.

Dei tillitsvalde meiner også riksrevisjonen og kontrollkomiteen må gripe inn for å sjå om helseministeren har gjort noko ulovleg.

- Heilt feil

Robin Kåss

Statssekretær Robin Kåss (Ap) seier helseministeren slett ikkje lyg.

Foto: NRK / NRK

Statssekretær Robin Martin Kåss i Helse- og omsorgsdepartementet seier dei tillitsvalde i Molde tar feil.

– Det er er heilt feil. Statsråden har vore 100 ryddig i denne saka. Helse Midt har sagt at dei må utsette Molde sjukehus til 2018. Statsråden tok då grep slik at gamlesjukehuset blir rusta opp.

Han meiner altså at det er styret i Helse Midt som har sagt at det er uråd å bygge nytt sjukehus før 2018.

– Vi må ta innover oss at Helse Midt ikkje kan bygge før 2018. Då må vi sørge for å få ruste opp i Molde, og avvente fordelinga av føde- og akutt mellom Nordmøre og Romsdal.

Pengar

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) er lite populær i Molde.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Men med ekstra pengar kunne ein ha gjort dette raskt?

– Det trengs ekstra pengar til å bygge eit nytt sjukehus i 2018. Vi er villige til å gi pengar til å bygge sjukehus i Molde. Men Helse Midt seier at dette ikkje kan skje før 2018, og dei veit korleis reglane for finansiering av sjukehus er, seier Robin Martin Kåss.

– Vi er villige til å finansiere sjukehus i Møre og Romsdal, på same måte som andre sjukehus i Norge. Men Helse Midt kan ikkje gjere det før i 2018, og då må vi forholde oss til det, legg statssekretæren til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL