Tungt for Ap i Molde

Leiar i Molde Ap, Sidsel Rykhus, ber statsminister Jens Stoltenberg om å rydde opp i sjukehussaka. Ho seier det er ei utfordring å vere leiar for Arbeiderpartiet i rosenes by no.

Sidsel Rykhus (AP)

Sidsel Rykhus er leiar i Molde Arbeidarparti. Ho opplever det som ei tung tid når hennar eigen helseminister har utsett bygginga av Molde sjukehus.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Onsdag utsette helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen bygginga av nytt sjukehus i Molde til ette 2018. Planen var at bygginga skulle ta til i 2012. No fryktar mange at Molde nye sjukehus er stoppa for alltid.

– No er det viktig at statsminister Jens Stoltenberg kjem på banen for å rydde opp i det som no held på å skje. Statsråden har sendt ut ei pressemelding som vi ikkje skjønar heilt. Ho har ikkje sagt seg viljug til å kome til Molde for å forklare seg. Då meiner eg vi må få statsministeren på banen, seier Sidsel Rykhus.

Men det helseministeren har sagt, er at ho tolkar Helse Midt-Noreg sine eigne tal slik at helseregionen ikkje har råd til å bygge noko sjukehus før 2018?

– Då helseministeren var på Hustadvika gjestegård og då ho besøkte Kristiansund og Molde, sa ho klart frå at Molde nye sjukehus ikkje var lagt på is. Det var ikkje pengar til bygging det skulle stå på. Ho ville berre ha ei utgreiing med svar på tre spørsmål, og det har ho fått, seier Rykhus.

Korleis er det å vere leiar i Arbeidarpartiet i Molde no?

Det er svært krevjande. Det er uhyggeleg. For du skjønar kva som no skjer med befolkninga i Molde. Du blir konfrontert med dette, og stemninga er sjølvsagt ikkje god, seier Sidsel Rykhus.