Hopp til innhold

Sju av 26 ordførarar er ikkje med på nynorsk-opprop

Sju av 26 ordførarar i fylket har ikkje skrive under på eit nytt opprop som krev like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar. Noregs Mållag har bede ordførarane om å støtte eit krav om at læringsressursar laga for bruk i skulen også skal vere på nynorsk. Vestnes, Sunndal, Smøla, Molde, Kristiansund, Averøy og Aure er ikkje på lista der ordførarar frå 120 kommunar har signert.