Sjark med garn i propellen
Utanfor Kristiansund har ein sjark fått garn i propellen. Hovudredningssentralen har sendt ut ein brannbåt og eit tankfartøy assisterer med ein lettbåt.
Sjarken ligg 20 meter frå land og har kasta ut anker. Dette skjer like nord for Gomalandet i Kristiansund.