Sjå den hårreisande videoen av nesten-kollisjonen

Familien på fire var berre brøkdelen av eit sekund frå å frontkollidere med eit utanlandsk vogntog. Politiet ber bilistar om å sende inn fleire videoar frå trafikken.

Den norske vogntogsjåføren var på veg over Ørskogfjellet på Sunnmøre då han blei forbikøyrd av to vogntog. Imot kom ein personbil.

Den norske vogntogsjåføren var på veg over Ørskogfjellet på Sunnmøre då han blei forbikøyrd av to vogntog. Imot kom ein personbil.

Det var måndag denne veka at familien på fire var på veg heim til Sunnmøre etter ein kort ferietur. Då dei kom til Ørskogfjellet trudde sjåfør Jørgen Varhaugvik (29) først han såg eit uvanleg langt vogntog kome imot. Så oppdaga han at det var eit vogntog som var i ferd med å køyre forbi eit anna.

Jørgen Varhaugvik

I baksete på bilen sat dei to barna Maiken (3) og Synne (4). Jørgen Varhaugvik seier han er glad marginane var på deira side denne gongen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg tenkte, no smell det. Vogntoget kom mot oss i høg fart, så vi hadde nok blitt pulverisert om det hadde treft oss, seier Varhaugvik.

Han fortel at han gjorde alt for å stoppe, trykte bremsen heil inn og svinga mot grøfta. I bilen sat også sambuaren Amanda Blindheimsvik (26) og dei to barna deira, Maiken (3) og Synne (4).

– Eg håpte at vi enten ville køyre i grøfta eller at vogntoget ville treffe oss og ikkje dei to i baksetet. Eg tør ikkje å tenke på kva som kunne ha skjedd om vi hadde krasja, seier Blindheimsvik.

– Små marginar

Det var ein norsk vogntogsjåfør som blei forbikøyrd. Han filma det heile, men ønskjer å vere anonym. No vil han levere inn videoen til politiet.

Amanda Blindheimsvik og Jørgen Varhaugvik

Det var først då dei fekk sjå videoen av forbikøyringa at Amanda Blindheimsvik og Jørgen Varhaugvik innsåg kor nær dei var ein kollisjon.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det var snakk om små marginar. Hadde personbilen kome litt før, så hadde dei ikkje hatt ein sjanse, seier sjåføren.

Han har også sendt videoen til sambuarparet frå Sunnmøre. Dei rosar han for å ha senka farta då forbikøyringa skjedde.

– Til meir vi prata om det, til meir forstod vi kor alvorleg det var. Men det var ikkje før vi såg videoen at det gjekk opp for oss kor nært det faktisk var, seier Blindheimsvik.

Sambuarane reagerer på køyringa.

– Noko må gjerast. Å sette andre sine liv i fare på den måten er heilt uakseptabelt, seier Blindheimsvik.

Ser alvorleg på saka

Lars Eirik Steinsland, etterforskingsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, har sett videoen og synest forbikøyringa er stygg.

Lars Eirik Steinsland, nestleiar, Politiets fellesforbund Sunnmøre

Lars Eirik Steinsland, etterforskingsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, synest forbikøyringa er stygg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er veldig nær ein kollisjon. Det er truleg takka vere ein observant møtande bilist at det ikkje smell her. Utfallet blir stort sett fatalt når eit vogntog og ein personbil kolliderer, seier han.

Politiet vil no prøve å identifisere vogntogsjåføren. Steinsland fortel at han risikerer å bli fråteken førarkortet og få ei bot på minst 5000 kroner etter forbikøyringa.

Steinsland oppmodar andre bilistar som opplever liknande ting om å melde saka til politiet. Men han vektlegg at bilde eller video er ein viktig del av saka for å bevise kva som har skjedd.

Ber andre vere forsiktige

Tilbake i Giske er sambuarparet skremt over opplevinga dei hadde. No ber dei andre trafikantar i sommartrafikken om å vere forsiktige.

Amanda Blindheimsvik og Jørgen Varhaugvik

Sambuarane heime på Valderøya i Giske reagerer på forbikøyringa.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Ein må vere årvaken og ikkje sitte med andre ting når ein køyrer bil. Eg hadde ikkje hatt sjanse til å stoppe om eg var opptatt med noko anna, seier Jørgen Varhaugvik og får støtte frå sambuaren.

– Ein må køyre forsiktig og legge merke til ting. Og ikkje minst vere sikra på ein skikkeleg måte, seier ho.