I årets nyheitskavalkade leiar programleiar Bibbi Kjølås sjåarane igjennom tema som stigande arbeidsløyse og lokaliseringsstriden for både sjukehuset og politimeistersetet.
Både reportasjar og gjester vil fortelje om kva som prega Møre og Romsdal i året som snart er på hell.
Med i studio er gjestane Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, Gina Bjørdal, hovudtillitsvalt i Rolls-Royce Hjørungavåg, friidrettstalentet Karsten Warholm og Iselin Eliassen Aske som hjelpte flyktningar på Lesvos.
I tillegg vil det bli tilbakeblikk på alt frå store kulturhendingar til opning av nye bruer.
Heilt til slutt vil NRK Møre og Romsdal også fortelje kva som IKKJE skjedde i 2015.
God jul og godt nytt år frå alle oss i NRK Møre og Romsdal.