Hopp til innhold

Sildekutt

Silda har ikkje formeira seg nok, og eit eit kraftig kutt i kvoten må til.

Havets Sølv
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Etter fleire svært gode sildeår tilrår Det internasjonale rådet for havforsking eit kraftig kutt i kvoten. For norsk vårgytande sild tilrår dei eit kutt på ein halv million tonn, slik at kvoten neste sesong blir nesten ein million tonn.

To årsaker

Det er to ting som fører til reduksjon fortel Erling Kåre Stenevik ved Havforskingsinstituttet:

- Det første er at det har vore dårlege årsklassar, altså lav rekkruttering til bestanden sindan 2004. Det andre er at årets forskingstokt ga eit lavt estimat på betanden.

Gløymer silda

- Turistfiskarbåtar bør merkast

Mange vil bli overraska

Havforskingsinstituttet har også tidlegare informert om at dei vil anbefale kutt i kvoten no, men Stenevik trur kanskje mange vil bli overraska over kor stort kutt dei anbefaler. Ein halv million tonn mindre sild, er omlag ein tredel av årets kvote.

- Alle visste det ville bli ein viss nedgang, men nedgangen er nok større enn forventa.