Hopp til innhold

Ser mot Sunnmøre

– Eg har ingenting i mot at fylkeskommunen vert lagt ned, seier Selje-ordførar Ottar Nygård til Bergens Tidende.

Ottar Nygård

Selje-ordførar Ottar Nygård kan tenkje seg samanslåing med Vanylven kommune på andre sida av fylkesgrensa.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ordføraren drøymer om ei samling beståande av Vanylven og nordfjordkommunane Eid, Vågsøy og Bremanger, skriv bergensavisa.

– Det har til alle tider vore mykje samhandling mellom Selje og Vanylven, seier Nygård til BT.

Med realiseringa av Stad skipstunnel som kryssar fylkesgrensa, vil samhandlinga bli endå større i framtida.

Han meiner det vil vere naturleg å gå saman med kommunane som ligg nær i staden for halde seg til rammene av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Kjem det ei kommunereform der det vert krav at kommunane skal bil større, nyttar det ikkje å sjå på fylkesgrensene, seier han til avisa.

Også ordføraren i Hornindal kommune, Anne Britt Øen Nygård (Sp) er open for å blitt slått saman med Volda dersom regjeringskravet om større kommunar også vil gjelde Hornindal. Ho peiker på at opninga av Kvivsvegen har opna for meir ferdsel mellom kommunen og Austefjord i Volda.

– Dersom kommunen må slå seg saman med nokon, er det like aktuelt å sjå mot Møre og Romsdal som Sogn og Fjordane, seier ho til BT.