Hopp til innhold

Dette er ikkje frostvæske - det er vin

Åge Folkestad lanserer ein ny vin i Noreg. Du har truleg ikkje sett liknande, for den er nemleg blå.

Blå vin

Skeptisk til blå mat og drikke? Denne fargen er heilt naturleg, teken frå blå druer.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Sunnmøringen Åge Folkestad driv restaurant og lagar eigen vin i Spania. No har han laga ein blå kvitvin, som han denne veka har presentert for fleire vinmonopol i Møre og Romsdal. Ja du las rett, den er blå.

– Eg var litt nervøs når eg skulle presentere vinen for første gong i Spania, men mottakinga har vore udelt positiv. No når eg kom til Noreg var eg like nervøs, men alle liker den, hevdar Folkestad.

Folkestad røyrer forsiktig rundt på vinglaset, der den lyseblå vinen skvulpar lett rundt. Vinen er halvtørr med ein fyldig armoa. Lukta er søt og mange synest den minner om sommar og friske jordbær.

– Det som er så gøy er at når folk luktar på den, så seier dei "Oi! Den var god og den lukta spanande". Han hevdar at berre to av tusen prøvesmakarar har sagt at dei ikkje likar den blå vinen.

Det var Sunnmørsposten som først omtala saka.

.

Åge Folkestad

Åge Folkestad har presentert sin nyaste vin. – Eg er ikkje oppteken av salet, motivasjonen min er å vere kreativ og å skape noko nytt.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Farge frå blå druer

Folkestad er den andre personen i Spania, og verda elles som har laga blå vin. Den andre er mørkare i fargen og laga med ein annan type druer.

Korleis kom ideen til?

Mona Årdal blå vin

Servitør Mona Årdal ved Quality Hotell i Ulsteinvik likte godt vinen. – Den luktar og smakar som jordbær.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Det var ein litt vill ide. Det var bodegaen min som foreslo det, og eigentleg så var eg litt skeptisk til det. Men eg hoppa i det, og no eitt år etter er produktet klart.

Vinen er ein Chardonay, ein kvitvin med blå farge. Fargen kjem av dei blå druene og ligg rett under drueskalet.

– Der ligg det noko som heiter antocyaninar, som ein tek ut og tilsetter vinen etterpå. Slik får ein denne blå fargen, heilt naturleg.

Spøker om frostvæske

Er det nokon som er skeptisk til at den er blå?

– Det er veldig forskjellig. Nokon er skeptiske, men då forklarar eg dei at fargen er naturleg. Nokon spøkjer om at det er frostvæske, seier Folkestad og ler.

Denne veka har han reist rundt på hotell, restaurantar og vinmonopol i Møre og Romsdal for å presentere vinen.

1. juli vert den lansert på vinmonopol i Noreg, men i Møre og Romsdal i første omgang.

Måte å skape merksemd på

Ingvild Tennfjord

Ingvild Tennfjord meiner blå vin er ein måte å skape merksemd på.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

Vinkjennar og vinskribent, Ingvild Tennfjord, meiner at å manipulere vinfargen er ein måte å skape merksemd på, i ein hard kamp om kundane. I polhyllene ser ein ofte små figurar og trepinnar rundt flaskehalsen, sløyfer og cellofan. Det finst også vin med glitterflak i.

– Eg trur dette er ein gimmick som kan skape blest ei kort stund. Min tommelfingerregel er at jo meir fiksfakseri det er rundt innpakninga, desto mindre fokus er det på innhaldet i flaska, seier Tennfjord. Ho seier at ho kan ta feil og smaker gjerne på den blå vinen.