NRK Meny
Normal

Sakna mann funnen i god behald

Mannen vart funnen innandørs i Ålesund i god behald og blir no undersøkt av helsepersonell. Politiet avsluttar leiteaksjonen.

Leitearbeidet etter mannen pågår

HJELP: Politiet har henta inn hjelp frå Raudekrossen og luftambulansen for å finne mannen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ni minutt over tolv avlyste politiet leiteaksjonen etter ein mann i sekstiåra. Mannen var forsvunnen sidan 11:30 måndag morgon og det pågjekk måndag kveld ein stor leiteaksjon etter han. Operasjonsleiar, Borge Amdam, bekreftar at mannen no er funnen.

– Mannen er funnen i god behald innandørs i Ålesund sentrum. Og vi avsluttar no søket.

Leiteaksjonen starta kort tid før 21:15 ved industribygget Skoghaug Industri i Spjelkavika. I tillegg til politiet var det mykje hjelpepersonell frå Raudekrossen involvert i søket og ei stund også eit helikopter.