Hopp til innhold

Sakna gut (9) funnen i god behald

Det vart sett i gang søk etter 9-åringen då han vart meldt sakna etter ein fottur saman med slekt på Hovdeåsen i Sykkylven. Etter nesten to timar kom han til rette.

Gut sakna Hovdeåsen

Guten hadde då gått ned til nokre hus sjølv og oppsøkt folk.

Då han kom vekk frå slekta som han var på fottur med på Hovdeåsen i Hundeidvik søndag, vart han meldt sakna klokka 16.20.

Politiet meldte om hendinga på Twitter klokka 17.30 og leitemannskap og helikopter vart sett inn i søket etter han.

Klokka 18.05 twitra politiet om at guten var funnen i god behald.

– Han hadde gått ned på andre sida av fjellet, så han hadde gått ganske langt, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL