NRK Meny

Sævik vil ha samtalar om Fjord1

Per Sævik vil gjerne snakke med Sogn og Fjordane fylkeskommune om Fjord1. Konkurransetilsynet har nekta Torghatten å kjøpe aksjane i ferjeselskapet, og i dag blei det kjent at verken fylkeskommunen eller Torhatten ankar avgjerda. Sævik er minoritetseigar i Fjord1 og har varsla rettsak dersom fylkeskommunen selde aksjane sine til Torghatten.