Hopp til innhold

Russland stansar fiskeimport

Russiske styresmakter varslar importrestriksjonar på sild og makrell. Årsaka er at Russland ikkje godkjenner alle anlegg som produserer fisken.

Sild
Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Importnekten vil gjelde alle anlegg i Møre og Romsdal og restriksjonane vil gjelde frå 15. november.

Sju anlegg

Russarane har berre godkjent sju norske anlegg som får lov til å eksportere fisk inn i landet. Alle sju ligg i Nord-Noreg og dermed er ingen av anlegga i Møre og Romsdal godkjent.

- Vi håpar sjølvsagt at vi skal kome på ei liste i neste omgang, men førebels får ikkje dette så store konsekvensar, seier Jan Otto Hoddevik, som er sals- og marknadsdirektør i Norway Pelagic.

Sist var det laks

Det er ikkje klart kva som er årsaka til importstoppen, men Russland har også tidlegare nekta å ta inn norsk fisk. Sist det skjedde var det laks som var problemet. No er det sild og makrell som må finne nye marknader viss ikkje produksjonsanlegga vert godkjende i neste runde.