Hopp til innhold

Rungende ja til Tresfjordbrua

Søknaden om bompengefinansiering av Tresfjordbrua og Vågetunnelen fikk som venta stor tilslutning i samferdselsutvalet i dag.

Tresfjordbrua
Foto: Tresfjordbrua AS

Berre Framstegspartiet argumenterte mot bompengefinansiering av Tresfjordbrua. Dei meiner staten skal betale rekninga. Alle andre parti røysta for bompengefinasiering av brua og Vågetunellen. Vedtaket åpnar også for at ein kan krevje inn bompengar frå bilistar som køyrer rundt Tresfjorden..

Vestnesordførar Øyvind Uren fulgte debatten og er godt nøgd med støtten for bompengesøknaden.

-Vedtaket i dag betyr at vi no kan gå frå pratefasen til handlingsfasen, seier Uren.

-Men Framstegspartiet protesterar framleis.

Vestnesordførar, Øyvind Uren (t.v.) Styreleiar i Tresfjordbrua Roald Fiksdal.

Vestnesordførar, Øyvind Uren (t.v.) Styreleiar i Tresfjordbrua Roald Fiksdal

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

-Ja, det er klart. Men vi må innsjå fakta. Skal ein få bygd denne brua og tunellen må vi bruke dei moglegheitene vi har. Brua berre må kome, seier Uren.

Styreleiar glad

Styreleiar i Tresfjordbrua, Roald Fiksdal seier at alle andre parti enn Frp no har akseptert at ein skal krevje inn bompengar. Dermed ligg det ann til eit stort fleirtal i fylkestinget når skal kjem opp der.

-Men vi må hugse at ingen har meint at lokalbefolkninga skal vere med å betale for noko dei ikkje har nytte av. Det skal etablerast løysingar som fritar dei som bur i området å betale bompengar når dei skal inn og ut av Tresfjorden, seier Roald.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL