Hopp til innhold

– Lærarane har ikkje meir å undervise oss i

Mange elevar opplever svært rolege dagar på skulane den siste tida før sommarferien, og syns at dei siste dagane er unødvendige.

Mange elevar opplever svært rolege dagar på skulane den siste tida før sommarferien.

Dei siste dagane før sommarferien er ofte svært rolege. Elevane syns difor at det heller kunne hatt fri.

Andrea Fagervoll

Eleven Andrea Fagervoll seier at dei siste skuledagane er unødvendige.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Yngve Omenås rektor fagerlia videregående skole

Rektor ved Fagerlia videregåande skule, Yngve Omenås, fortel at dette var også ein pågåande diskusjon då han var elev ved skulen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dei siste vekene før sommarferien er det ofte lite som skjer på skulane. Mange av lærarane er opptekne med eksamensavvikling og sensur. Dermed vert det lite av den tradisjonelle undervisninga. På Fagerlia vidaregåande i Ålesund startar ferien på fredag. Elev Andrea Fagervoll, fortel at mesteparten av skuledagane etter eksamen er unødvendige.

– Vi gjer ingenting i skuletimane etter at vi er ferdige med pensum. Lærarane har ikkje meir i undervise oss i sidan vi er ferdige med semesteret, seier Fagervoll.

– Klasseromma er opptekne

Det er god tid til rydding og innlevering av bøker. For når lærarar og elevar er opptatt med eksamen blir det lite av vanleg undervisning for dei andre. Dette er ikkje eit ukjent fenomen for rektor Yngve Omenås.

– Vi har dagar der det er veldig lite å gjere. Dei aller fleste romma på skulen er opptekne på grunn av eksamen, og difor kan ikkje vi gjennomføre undervisning på desse dagane, seier rektoren.

Han seier at denne diskusjonen var aktuell sjølv då han var elev ved skulen.