Hopp til innhold

Rekordmange kvitta seg med bilen før årsavgifta skulle inn

Aldri før har så mange vraka bilen sin. Høge prisar hos bilmekanikarar og ein ekstra tusenlapp i vrakpant er årsakene.

Enormt mange bilar fann vegen til vraking og gjenvinning før fristen for betaling av årsavgifta gjekk ut 20. mars. Vartdal gjenvinning har hatt større pågang enn nokon gong før. Årsaka kan vere at mange finn det for dyrt å reparere eldre bilar.

Enormt mange bilar fann vegen til vraking og gjenvinning før fristen for betaling av årsavgifta gjekk ut 20. mars. Vartdal gjenvinning har hatt større pågang enn nokon gong før.

Det blei sett ny rekord for innleverte bilar til vraking i Noreg i år. 20. mars var datoen for å betale årsavgifta på bilen. Dagen før var det mange som rulla bilen inn til siste stanse.

Gunnar Olsen

Gunnar Olsen seier dei aldri har opplevd større pågang hos Vartdal gjenvinning.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

– Det ser ut til at vi passerte over 5000 bilar 19. mars i år, seier avdelingsleiar Eirik Sannes i tollregion Midt-Noreg.

I Ålesund måtte Vartdal gjenvinning leige ekstra område for å få plass til alle som blei levert i førre månad.

– I år har vi tatt inn om lag 700 bilar berre dei siste fjorten dagane før den 20. mars, seier marknadssjef Gunnar Olsen ved Vartdal gjenvinning AS.

Auka med 1000-lappen

Vrakpantsatsen har sidan 2011 auka med 1000 kroner. I dag får du 2500 kroner i vrakpant per køyretøy. Likevel trur ikkje Olsen at det berre er den ekstra tusenlappen som gjer at folk vel å vrake bilen.

– Det er nok verkstadprisane som er så dyre at folk kan ikkje sette ein gamal bil på verkstad for å betale 10.000 kroner, seier Olsen.

Mange bilar som kjem inn til gjenvinning er særs gamle, og ikkje noko særleg å ha på vegane.

– Når bilane er blitt gamal og brukt opp er det berre å hive den, sånn er det i dag, og det er jo bra, seier Olsen.

Frå bil til hårfønar

Bilane blir malt opp og sortert og går til gjenvinning og blir nye produkt.

– Bilane kan bli til både syklar, nye bilar, hårtørkarar og så vidare. Alt saman blir brukt opp igjen, avsluttar Olsen.

Bilvraking

I heile landet finn vi no samanpressa bilar som eigarane fann ut at dei ville kvitte seg eg med før fristen for betaling av årsavgifta gjekk ut.

Foto: Ingrid Wilberg Arnesen / NRK