Regnvåt jonsok

Jonsokhelga blir regnvåt i Møre og Romsdal, ifølgje meteorologane ved Meteorologisk institutt. Fram til midnatt i dag går siste varselet ut på sørvest bris, liten og periodevis stiv kuling på kysten. For det meste skya vêr og regnbyer. I morgon held sørvesten fram, og vinden kjem også då opp i stiv kuling på kysten. Frå søndag føremiddag minkar det til vestleg bris, skya og regnbyer. Det blir lettare vêr søndag ettermiddag, og fint i ytre strok om kvelden.

Jonsokbål på Flø
Foto: Arne Flatin