Hopp til innhold

Regionvegsjefen er svært fornøgd

– Eit inspirerande statsbudsjett, seier ein fornøgd regionvegsjef Berit Brendskag Lied.

Berit Brendskag Lied

Regionvegsjef Berit Brendskag Lied meiner 100 prosent oppfølging av NTP (Nasjonal transportplan) er noko av det beste i statsbudsjettet som blei lagt fram.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Spesielt nemner regionvegsjefen 100 prosent oppfølging av Nasjonal transportplan (NTP) og satsing på trafikksikring.

– Vi ser at regjeringa har fylt opp 100,3 prosent på NTP i statsbudsjettet for neste periode, altså 2013, seier Berit Brendskag Lied.

Ho meiner Møre og Romsdal har kome bra ut av statsbudsjettet.

– Vi får pengar spesielt på investeringssida, og så får vi pengar til effektiv anleggsdrift på noverande prosjekt.

– Dette er svært viktig, seier regionvegsjefen.

Enorme utfordringar på drift og vedlikehald

– Det blir òg auka pengar til drift og vedlikehald. I mengd kroner følgjer regjeringa opp på vedlikehaldssida.

– Men utfordringane er enorme, slår Brendskag Lied fast.

I statsbudsjettet blir det løyvd få kroner til forbetring. Kronene må gå til vedlikehald. Regionvegane blir status quo.

– No får vi eit driftsbudsjett som gjer at vi held standarden fram til neste år. Vi får pengar til auka asfaltering, men på sikt treng vi meir pengar.

– Dette har vi også då signalisert for neste planperiode i 2014. Då legg vi opp til eit betydeleg løft på drift og vedlikehald, seier ho.

– Sterk satsing

Der er lite rom til store forbetringar av vegar, men budsjettet legg opp til satsing på gang- og sykkel.

– Det skal bli tryggare for mjuke trafikantar. Vi får pengar til ei rekke sikringstiltak, spesielt med utbygging av trafikkfarlege punkt, rekkverk, veglys, samt sikring av gangfelt.

– Dette er mange småtiltak som i det store og heile er med på ei klår betring, meiner Brendskag Lied.

– Kva er din hovudkommentar til dette statsbudsjettet?

– Det er eit inspirerande statsbudsjett for oss som jobbar med veg og er opptekne av veg. Vi ser ei sterk satsing, og sjølv om vi heile tida ønskjer meir, så blir det lagt opp til høgt aktivitetsnivå. Vi ser fram til at dette held fram i neste planperiode, avsluttar ho.

Skuffa over statsbudsjettet

Arild Fuglseth

Samferdselssjef Arild Fuglseth er skuffa over statsbudsjettet.

Foto: Gunnar Sandvik

Samferdselssjef Arild Fuglseth seier han er skuffa over statsbudsjettet.

– Det kjem av at det ikkje er tatt nok omsyn til vedlikehald, seier Fuglseth.

86 % av vegnettet i Møre og Romsdal er fylkesveg. Mykje er avhengig av kva tiltak og vedtak fylkespolitikarane gjer i sitt budsjett før jul. Fuglseth trur likevel det vil verte nokre nye samferdselsprosjekt.

– For neste år ligg det an til at vi får starte bygging av Driva-brua. Vi held på no med rassikring av byggesteg to Røyr-Hellesylt. Så er det nokre ferjekaier som skal verte rusta opp, og vi har Årvik-Koparnes-Aurstad.

– Sannsynlegvis har vi og eit prosjekt ute i Ulstein på plass med miljøgater der. Vi jobbar og med gang- og sykkelvegar i Strandadalen og Mo i Ørsta, fortel Fuglseth.

Bekymra for vedlikehaldsetterslep

Han meiner Møre og Romsdal vil oppleve eit større vedlikehaldsetterslep enn det ein tidlegare har hatt. Det har og vore gjennomført ei kartlegging i staten, og Møre og Romsdal er eit av fylka som kjem dårlegast ut av alle.

– Vi har eit vedlikehaldsetterslep på ferje, bruer og tuneller på 3,1 milliard. Det blir ei stor utfordring å få det til. Men i Nasjonal transportplan er dette dokumentert, vi håper det vil bli sett av ein pott pengar frå 2014 som vil løyse desse problema, seier Fuglseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL