Hopp til innhold

Protesterer mot rivingsplanar

Fortidsminneforeininga på Sunnmøre protesterer mot eventuelle planar om å rive Grand Hotel på Hellesylt. Hotellet er eit viktig kulturminne og foreininga hevdar at store verdiar går tapt ved ei eventuell riving.

– Det er imidlertid vanskeleg å protestere mot noko som eigentleg er berre rykte. Det er ikkje levert inn søknader, saka er ikkje diskutert i kommunestyret og heller ikkje fylkeskommunen har motteke søknad om riving, heiter det i eit skriv frå fortidsminneforeininga.

Bakgrunnen for uroa er meldingar i media om at hotellet kan bli gitt bort gratis til den som øsnkjer å rive og flytte det. Desse meldingane er kobla opp mot planar om å byggje nytt hotell på området.

Grand Hotell Hellesylt
Foto: NRK