Hopp til innhold

Torghatten la seg flat – men den nye reserveferja blir dårleg mottatt

Torghatten Nord måtte svare for seg i møtet med samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal etter problema på ferjesambandet mellom Midsund og Sunnmøre. No blir det sett inn ei ny reserveferje.

To menn står og snakker med hverandre

Driftssjefen i Torghatten Nord, Anders Tøsse, snakkar med leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Hans Olav Myklebust (Frp).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore ein krevjande periode. Det har vore sveittetokter både dag og natt.

Driftssjefen i Torghatten Nord, Anders Tøsse, var i det audmjuke hjørnet då han møtte samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal onsdag ettermiddag. Ferjeselskapet var kalla inn på teppet etter store problem på ferjesambandet Dryna-Brattvåg i februar.

Grunnstøyting, tekniske problem og innstilte ferjeavgangar førte til 17 krevjande døgn for ferjeselskapet og ikkje minst for dei som er avhengig av ferja.

– Det er klart at når lokalsamfunnet står utan eit tilbod så er det veldig synd.

Ferga "Haram" i fergesambandet Brattvåg-Dryna

Øyfolket rasar mot 45 år gamal ferje: – Dette er uhaldbart

Stor misnøye

Misnøya med ferjetilbodet mellom Midsund og Sunnmøre har bygd seg opp over tid hos øyfolket. I fjor vinter førte innstilte ferjeavgangar til opprør og krav om ei ny og yngre ferje i sambandet.

I august i fjor kom det nye kanselleringar og kritikken lét ikkje vente på seg.

I februar skjedde det same igjen. MF Haram som er frå 1979 gjekk på grunn. Reserveferja som blei sett inn i staden, fekk problem og avgangane blei innstilt. Også denne ferja er av gamal årgang.

Statistikken for heile 2024 viser at regulariteten i Dryna-Brattvåg har vore god. Men regulariteten frå og med januar til midten av mars er på 94,5 prosent ifølgje Torghatten Nord. Det er for dårleg, vedgår ferjeselskapet.

Og det er næringslivet som blir råka. Bedriftene får ikkje ut varene til marknaden når ferja ikkje går som den skal.

No ønskjer Torghatten Nord å sette inn ei ny reserveferje i sambandet. MF Fyken som blei bygd i 1993, kan vere i drift frå mai.

– Dette er ei ferje som vi kan stole på, seier Anders Tøsse.

– Ein pram med ein baug på

Leiaren i Midsund Næringsforum Per Otto Opstad var først avventande til den nye reserveferja. Men så tok han nokre telefonar og fekk informasjon om den nye reserveferja. Nokre minutt seinare hadde pipa fått ein annan lyd.

– Det er sjokkerande. Dette er ein pram med ein baug på. Og ferja vil aldri klare å halde den farta vi treng får halde sambandet i drift. Dette er den dårlegast ferja som nokon gong har gått her.

Per Otto Opstad i Midsund næringsforum foran ferga MF Haram.

Per Otto Opstad i Midsund næringsforum har lite til overs for den nye reserveferja.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Kor mykje den nye reserveferja vil koste er førebels ikkje kjend. Saka kjem opp i samferdselsutvalet i mai. Møre og Romsdal fylkeskommune er i ein svært vanskeleg situasjon.

Kravet om ein ny ferje har vakse over tid. Det har vore mykje fokus på innstilte avgangar. Men vogntog som må stå igjen når det er ruskevêr har det vore lite snakk om.

Ei ny reserveferje er ikkje bra nok, seier Torgeir Dahl (H) i samferdselsutvalet.

– Den store utfordringa no er hovudferja MF Haram. Den har openbert ikkje kapasitet til å ta nok vogntog når det er lite grann ruskevêr, og det er det faktisk ganske ofte på denne strekninga.

Ferga "Haram" i fergesambandet Brattvåg-Dryna

MF Haram er hovudferja i sambandet Dryna-Brattvåg

Foto: Trond Vestre / NRK

Medansvar

Fleire av politikarane peika og på at fylkeskommunen og politikarane har eit medansvar for dei problema som er skapt. Det er dei som har vedtatt kva krav ein skal stille i avtalen med Torghatten Nord.

– Vi kan gjerne skyte på Torghatten. Men det er jo vi som ikkje har vore kravstore nok. Vi har vel grunn til å skjemmast alle som ein. Og Torghatten kan godt få vere med i den klubben, sa Dahl under debatten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver