Hopp til innhold

Sender levande kreps til utlandet – Vi er reddare for at ferja ikkje skal gå enn flya

Stadig trøbbel i ferjesambandet skaper sinne i Midsund. – Det er eit mareritt, seier sjømatprodusent.

Silver Seafood i Midsund pakkar levande kreps til eksport. Jim Martin Sørlie til venstre og Preben Stefanussen Godø

Jim Martin Sørlie og Preben Stefanussen Godø er eigarar av Silver Seafood i Midsund. Dei sender kreps til utlandet.

Foto: privat

Det har vore ei hektisk natt for dei tilsette ved sjømatbedrifta Silver Seafood i Midsund.

Ferja var nemleg innstilt og dermed måtte dei køyre ein omveg på om lag halvanna time til flyplassen i Ålesund. Den levande sjøkrepsen skulle til Shanghai med fly.

– Ferja har vore eit mareritt for oss i det siste. Du kan ikkje stole på den, seier Jim Martin Sørlie, som er ein av eigarane.

Ferja mellom Brattvåg og Midsund har hatt innstillingar fem dagar i desember på grunn av tekniske problem eller dårleg ver.

Sjøkreps blir pakka levande ved Silver Seafood i Midsund

Sjøkrepsen blir pakka levande og sendt jorda rundt med fly.

Foto: Silver Seafood

Kjempar mot klokka

Dei som pakkar levande kreps kjempar mot klokka. Krepsen har berre eit visst antal timar før den må kome i vatn igjen, eller bli brukt på ein restaurant i USA, Frankrike eller Shanghai. Før var det flyinnstillingar som var den største frykta. Det skjer ifylgje Sørlie mykje sjeldnare no.

– Krepsen skal vidare med både tre og fire fly til den endelege destinasjonen på andre sida av jorda, men dei største problema dukkar opp berre 15 minutt frå anlegget og det er ferja, seier Sørlie oppgitt.

Kart over reiserute dersom ferja mellom Brattvåg og Dryna er innstilt. Då går vegen via Molde.

Når ferja mellom Brattvåg og Dryna ikkje går, må ein via Molde for å kome til flyplassen på Vigra.

44 år gamal ferje

Ferjaproblema starta etter at Torghatten Nord tok over drifta av sambandet 1. januar 2023. Ferja som vart sett inn er M/F Haram frå 1979.

Innbyggjarane på øya meiner ferja er altfor gamal og ikkje er tilpassa verforholda i sambandet.

Administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen, seier at dei har hatt tekniske utfordringar og beklagar at det har ført til kanselleringar. Reiarlaget jobbar no med utbetringar.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for drift av ferjene på fylkesvegane.

Samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, forstår at folk blir frustrerte.

Statistikken viser at det ikkje er nokon stor forskjell i regulariteten i dette sambandet samanlikna med andre strekningar i fylket.

– Men regulariteten er ikkje heilt på nivået vi ynskjer. Vi skal jobbe mot færrast mogleg innstillingar, seier Wiig.

Han seier at det er eit faktum at ferja er gamal, men at på sikt skal dei eldre ferjene i fylket fasast ut.

Jesper Wiig

Samferdselsdirektør Jesper Wiig seier at fylkeskommunen og Torghatten Nord jobbar saman for at det skal bli færre ferjeinnstillingar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Folk blir usikre

Jofred Skogvoll er ein annan innbyggjar som er frustrert. Han meiner innstillingane gjer at folk blir usikre på om dei kan stole på ferja.

– Vi veit ikkje om ferja går. Både private og næringslivet vegrar seg for å bruke sambandet, men vi er avhengige av ferja, seier Skogvoll. Folk pendlar til jobb, ungdommar reiser med ferja til skule og bedriftene fraktar varer.

Skogvoll kan ikkje fatte at ferja ikkje skal kunne gå i normalt ruskevêr.

– Visst ikkje ho blir bytta ut kjem vi til å sjå innstillingar gong etter gong framover, seier Skogvoll.

Det blir no starta opp ein underskriftskampanje både for å få ei ny ferje og at det blir lagt ein robust plan for reserveferje.

Ferja MF Haram går mellom Brattvåg og Dryna

Ferja M/F Haram vart bygd i 1979 og går i sambandet Brattvåg-Dryna.

Foto: Live Korsnes