Hopp til innhold

Lei av ferjeproblematikk: – Vi lever i konstant usikkerheit

Etter ei rekke problem på ferjesambandet mellom Brattvåg og Dryna har næringslivet sett seg lei. No krev dei endring.

Ferja Røsund mellom Dryna og Brattvåg

LEI: Næringsliv og lokalbefolkning er kritiske til dei mange utfordringane på ferjesambandet Brattvåg-Dryna. Tysdag er også reserveferja innstilt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Reserveferja MF Røsund er sett inn på ferjesambandet Brattvåg-Dryna, etter at ferja MF Haram gjekk på grunn for halvanna veke sidan.

Men tysdag blei også reserveferja innstilt og ein passasjerbåt sett inn. Dermed kjem ingen køyretøy seg over fjorden.

Og det er ikkje første gong ei ferje blir innstilt på sambandet. Over lenger tid har det vore fleire utfordringar, og innbyggarane har kravd at ei ny ferje blir sett inn.

– Vi lever i konstant usikkerheit på om ferja går eller ikkje. I periodar, slik som no, er det ekstremt. Det er ikkje haldbart i det heile tatt, seier Jim Martin Sørlie, styreleiar i Silver Seafood.

Saka er oppdatert med svar frå Torghatten Nord. Les svaret lenger ned.

Jim Martin Sørlie i Silver Seafood

Jim Martin Sørlie, styreleiar i Silver Seafood.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– No er det nok

Sjømatbedrifta i Midsund er avhengig av å ha lett tilgang til flyplassane i fylket. Dei sender levande sjøkreps med fly blant anna til New York og Shanghai.

Når ferja er innstilt må dei køyre ein omveg på rundt halvannan time for å nå flyplassen i Ålesund.

Kart over reiserute dersom ferja mellom Brattvåg og Dryna er innstilt. Då går vegen via Molde.

Når ferja mellom Brattvåg og Dryna ikkje går, må folk køyre via Molde for å kome til flyplassen på Vigra i Ålesund.

Sørlie seier dei stadige innstillingane i sambandet skaper mykje usikkerheit.

– Berre i dag har vi omdirigert tre til fire bilar. Det er veldig frustrerande. Det skaper ekstraarbeid for oss når vi må køyre om via Molde-Vestnes, gjerne på kort frist, seier han og legg til:

Du får berre eit varsel i appen og så må du snu om på heile logistikken. Det er mykje lenger, og det skaper også unødvendig lange dagar for sjåførane våre.

Jim Martin Sørlie i Silver Seafoods
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sørlie trur mange i næringslivet og innbyggjarane som bruker ferja er frustrerte over dagens situasjon.

– Vi føler at vi fortener betre, men år på år så skjer akkurat det same, det blir ikkje noko betre. Nå er det nok.

Kritiske

Lokalbefolkninga og næringslivet har fleire gonger vore ute og kritisert ferjene som trafikkerer ruta. Dei meiner at ferjene er for gamle og utdaterte.

I fjor vinter hopa det seg opp med kansellerte avgangar. Det har mellom anna kome krav om at den 46 år gamle hovudferja «Haram» må bli skifta ut. Reserveferja MF «Røsund» blei bygd i 1977.

– Først og fremst at vi får ei ferje som er av ein nyare dato, som er i betre teknisk stand, slik at vi slepp desse innstillingane på grunn av teknisk svikt. Og ikkje minst at vi får ei sikker og trygg ferje for alle som skal bruke henne, seier Sørlie.

Lars-Ove Remvik og Toril Remvik

Lars-Ove Remvik og Toril Remvik seier dei ofte har hatt flaks med at ferja går når dei drar på helgeturane sine, men i dag måtte også dei snu og køyre rundt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Også Lars-Ove Remvik og Toril Remvik, som ofte berre er i området på helgetur, har opplevd at ferja blir innstilt. Blant anna i dag.

Vi får snu og køyre tilbake. Køyre rundt til Molde og over Ørskogfjellet heim igjen. Vi har heldigvis god tid, sidan vi er pensjonistar, seier Lars-Ove.

Men også han er kritisk til alle utfordringane sambandet støyter på.

Det er for dårleg. At det i 2025 skal vere så dårleg utstyr, det er unødvendig. Dei bør skifte ut til eit nytt utstyr, som det er krav til andre stader i landet.

Anders Tøsse, driftssjef i Torghatten Nord, om bord i MF Haram

Anders Tøsse, driftssjef i Torghatten Nord.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– 99,8 prosent regularitet

Det er Torghatten Nord som har ansvaret for sambandet. Driftssjef Anders Tøsse seier dei no jobbar med å få på plass eit erstatningsfartøy.

– Vi vil aller først beklage dei ulempene dei tekniske utfordringane har skapt for folk som bruker ferja. Dette kjem av at vi måtte sette inn ei reserveferje etter at hovudferja grunnstøtte, seier han og legg til:

Generelt sett er tilgjengelegheita på sambandet god. Vi har 99,8 prosent teknisk tilgjengelegheit. Vi forstår likevel frustrasjonen over at ferja ikkje går, og jobbar heile tida for at tilgjengelegheita skal vere 100 prosent.

Rundt klokka 22 skriv Torghatten at dei skal jobbe med å reparere reserveferja utover natta, og at dei håpar den er klar til onsdag formiddag. Ein passasjerbåt erstatter ferja.

Les også Mener folk er redde for å ta ferga

Per Otto Opstad i Midsund næringsforum foran MF Haram.

– Brattvåg-Dryna er først ut

Samtidig er det Møre og Romsdal fylkeskommune som til sjuande og sist avgjer kva slags krav kontrakten med reiarlaget Torghatten skal innehalde. Den noverande kontrakten for Dryna-Brattvåg gjeld ut 2028.

Olav Arne Vatne i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at dei har fortløpande dialog med Torghatten Nord om drifta av sambandet og dei utfordringane som har oppstått.

– Reiarlaget har ansvaret for drift av ferjesambandet, dette gjeld også å løyse utfordringar som oppstår undervegs. Vi stiller krav om at reiarlaget skal løyse situasjonen så raskt som mogleg og få på plass ferje i sambandet.

Vatne påpeikar at sjølv om ferjene er av ein eldre årgang, så er dei godkjente og sertifiserte av norske sjøfartsmyndigheiter.

– Vi har stor forståing for at folk ønskjer nyare ferjemateriell. Gammalt ferjemateriell i fylket skal fasast ut. Utfasinga skjer gjennom nye kontraktar, og sambandet Brattvåg-Dryna er først ut.

Dryna-Brattvåg, ferga Røsund
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver