Hopp til innhold

– Det er bra å få inn ein utan bindingar i sjukehusstriden

Sjukehusforkjemparar på Nordmøre og i Romsdal meiner det er bra at Jonas Gahr Støre vert helseminister.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre overtek jobben som helseminister for å rydde opp i sjukehusnoreg.

Foto: Anette Karlsen / NTB Scanpix

Mange deltok i fakkeltog i Molde.

Sjukehusstriden har vore betent og skapt stort engasjement blant folk i Molde og Kristiansund.

Foto: Marianne Øverland Hjelset. / NRK

Det har vore ein heit debatt dei siste to åra om det skal vere eitt eller to sjukehus på Nordmøre og i Romsdal.

Molde vart lovt nytt sjukehus, men i desember 2010 utsette helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen bygginga. Kristiansund på si side frykta at akuttfunksjonen ville forsvinne frå sitt sjukehus og kravde eit felles sjukehus midt mellom byane.

Sterke kjensler

Då striden var på sitt mest betente i 2011, håpte dei at Jonas Gahr Støre som kom på besøk, ville mekle og finne ei løysing. Det gjorde han ikkje.

Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, meiner det er bra å få inn nytt mannskap og trur Støre vil legge faglege vurderingar til grunn når det skal takast ta ei avgjerd i sjukehusorganiseringa i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl, er ikkje overraska over statsrådsskiftet i Helsedepartementet kjem no. At Støre vert ny helseminister ser han som positivt.

– Dette har vore ei vanskeleg sak både for oss og for departementet. Det er knytt mange kjensler til Anne-Grete Strøm-Erichsen og hennar statssekretær Robin Kåss, seier Dahl. Han synest det er greitt å få inn Støre som ikkje har same bindingane i saka.

Korrekt og nøyaktig

Ordføraren karakteriserer Støre som yttarst korrekt og pinleg nøyaktig i sitt arbeid. Han trur den nye helseministeren vil legge faglege vurderingar til grunn, når den endelege avgjerda for sjukehusstrukturen vert tatt.

Smart med skifte

Per Kristian Øyen

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, meiner det er smart å bytte ut helseministeren.

Foto: Ken Robert haltvik

Også ordføraren i Kristiansund, Per Kristian Øyen stiller seg positiv til statsrådsskiftet.

– Eg trur det er smart at vi får ein ny helseminister no. Kva det vil bety for sjukehusa på Nordmøre og Romsdal og utfordringane vi har, får vi sjå etter kvart, seier Øyen.

Helse Møre og Romdal er no inne i ein prosess der dei vurderer sju ulike alternativ for organisering av sjukehusa i fylket.

Video Helseministeren besøkte Molde

Då helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) utsette bygginga av nytt sjukehus i Molde, vart ho møtt med hissige tilrop.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL