I møtet lovde Olje- og energiminister Åslaug Haga Industrikraft Møre svar på søknaden om løyve til å bygge gasskraftverk i Fræna, før nyttår.
Lyttande statsråd
Dagleg leiar Alf Reistad, fortel at dei møtte ein lyttande statsråd.
- Statsråden hadde sett av ein heil time for å høyre på våre planar, og vår spanande løysing, fortel han. Han meiner dei fekk statsråden til å forstå meir av prosjektet, og at dei fekk god tid til å presentere det.
Kan vere klart om 4 år
- Ho hadde mange gode spørsmål, som gjorde at me fekk utdjupe fordelane med vårt prosjekt, men også utfordringane som me står over for med kraftsituasjonen i Midt-Noreg og Møre og Romsdal, seier Reistad.
Industrikraft Møre har søkt om å få bygge eit gasskraftverk utan Co2-reinsing, og det store spørsmålet blir om kraftsituasjonen i Midt-Noreg tvingar regjeringa til å gå inn for det. Reistad seier kraftverket kan stå klart i 2011 eller 2012, og at det er kostnadsrekna til 2 milliardar kroner uten reinsing. Han er svært positiv etter møtet med Haga.
Godt nøgd
- Eg trur eg er mest glad for hennar engasjement rundt kraftsituasjonen i Midt-Noreg, og alle dei konstruktive og gode spørsmåla ho hadde om prosjektet vårt, fortel han.
- Det viser at ho er opptatt av situasjonen, og at ho som statsråd ynskjer å finne ei konstruktiv løysing på kraftsituasjonen i Midt-Noreg og Møre og Romsdal.
Reistad meiner dei fekk svart godt for seg i møtet med statsråden, og at delegasjonen reiste heim med eit godt inntrykk.