Hopp til innhold

Populært jervejaktkurs

Mellom 70 og 80 personar møtte fram på jervejaktkurs i Valldal i helga.

Jervebås i Valldal

Ein del av kurset i Valldal var å sjå på ein jervebås, ei av dei to moglege måtane å jakte jerv på.

Foto: Asgeir Heggen

- Målet er å få nok jegerar til å kunne ta ut kvota på jerv, seier fylkessekretær Roger Hustad.

Og det kan ein nok få etter denne helga. Laurdag var om lag 75 personar samla til kurs i korleis ein best jaktar jerv. Søndag var rundt 50 av dei med på synfaring for å sjå korleis ein jervebås skal brukast.

Vanskeleg å finne

- Dette lovar nok ikkje bra for jerven, ler Hustad, og forklarer at dei vil ta ut alle jervane som det er gitt løyve for i år.

Hittil er tre skotne på Nordmøre, men fem gjenstår.

- Jerven er sky og vanskeleg å finne. Difor er det viktig med kunnskap om den, seier Hustad.

Til å halde kurset hadde dei med røynde jervejegerar, som kunne fortelje om triksa som skal til for å ta dyret.

Feltdag søndag

Stein Halvorsen og jerveblink

Stein Halvorsen orienterte om jervejakt i Valldal i helga.

Foto: Asgeir Heggen

- Det er eit godt teikn at så mange møtte fram. Her var både folk som har drive mykje med jakt, og dei som ikkje har så mykje røynsle, fortel Hustad.

No er målet at grunneigarar skal slå seg saman og tilby jakt, slik at alle jervane som er gitt lisens på å ta, kan bli tatt i løpet av sesongen.

Søndag var kursdeltakarane ute i felten. Då orienterte jervjegeren Stein Halvorsen frå Nordland mellom anna om korleis ein nyttar ein jervebås.

Stein Halvorsen viser jervebåsen

Den røynde jervjegeren Stein Halvorsen viste korleis ein skal nytte ein jervebås under kurset i Valldal.

Foto: Asgeir Heggen

- Det var praktisk retta i dag. Halvorsen orienterte om skyting, og forskjellige våpen og kalibertyper, seier Asgeir Heggen.

Konkurranse og diskusjon

Han var med på kurset begge dagane, og er leiar i Valldal jeger- og fiskarforening.

- Vi hadde også avstandsdømming som ein konkurranse, og diskusjonar om temaet, seier Heggen.

Jakta på jerv er lisensjakt, og ikkje som vanleg jakt og rekne, difor meiner Roger Hustad at interessa denne helga har vore viktig.

- Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå alle hald etter laurdag, så dette var bra, seier han.