Hopp til innhold

Politiet startar etterforsking etter funn av dødt spedbarn

Politiet i Møre og Romsdal startar etterforsking etter at eit lite barn blei funne død i Kristiansund søndag ettermiddag.

Dødsfall i Kristiansund

Politiet i Møre og Romsdal etterforskar saka etter at eit lite barn blei funne død i Kristiansund søndag ettermiddag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ifølgje politiet er det eit spedbarn på under to månader som søndag ettermiddag blei funne livlaust.

Politiet rykte ut til ei privatadresse søndag ettermiddag saman med lege og ambulanse til det som i utgangspunktet skulle vere ei sak for helsevesenet.

Då dei kom fram blei det konstatert at babyen ikkje levde.

– Vi mistenkjer ikkje noko kriminelt, men vi må starte etterforsking når det skjer eit slikt uventa dødsfall, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.

Ho seier at ingen er sikta i samband med saka.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i Møre og Romsdal.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Var på besøk

Babyen blei funnen død inne i ei leilegheit i eit bustadområde i Kristiansund.

Politiet opplyser at barnet ikkje budde der politiet rykte ut, men var på besøk saman med ein av foreldra sine.

Politiet har brukt tid i ettermiddag på å varsle resten av dei pårørande om dødsfallet.

Politihuset i Kristiansund

Politiet i Møre og Romsdal etterforskar no det uventa dødsfallet til eit spedbarn.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sikrar spor på staden

Politiet i Kristiansund har vore på staden saman med helsevesenet i fleire timar søndag.

Holst-Dyrnes opplyser til NRK at politiet ikkje har informasjon om at babyen hadde kjende sjukdommar. Det blir rutinemessig sikra spor på staden søndag kveld.