Hopp til innhold

Pågreip mann etter biljakt i Fræna

Politiet har pågripe ein mann som rana ein bil i Fræna. Politiet la ut spikarmatte og mannen køyrde av vegen.

Biljakt i Fræna

Politiet fekk stansa mannen ved hjelp av ei spikarmatte. Politibilen fekk ein liten skade i biljakta.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Politiet jakta på ein mann som kapra ein raud Volvo. Klokka 20.40 opplyser politiet at mannen er pågripen. Dei fekk stansa bilen med spikarmatte på fylkesveg 663 ved Langvatnet i Fræna. Mannen skal vere uskadd.

– Det var forholdsvis dramatisk i og med at personen ikkje ville stoppe for politiet. Vi jakta på han og til slutt køyrde han i spikermatta og ut av vegen, seier politiførstebetent Ole Christian Smørdal.

Politiet var på utkik etter mannen heilt frå torsdag morgon, sidan han urettmessig hadde skaffa seg tilgang til ein BMW. I 18.40-tida lokaliserte politiet bilen og mannen. Dei prøvde å stanse han, men han nekta. 40 minutt seinare prøvde dei å vippe han av vegen i låg fart like ved Elnesvågen sentrum.

– Bilen vart skadd og det var då han kommanderte ei kvinne til å gå ut av Volvoen sin, seier operasjonsleiar Ole Wulvik. Biljakta etter den raude Volvoen føregjekk rundt om på Romsdalshalvøya.

Til rbnett seier politiet at mannen ikkje brukte våpen for å rane til seg bilen på Tornes. På twitter skreiv politiet at mannen er farleg, men operasjonsleiar Ole Wulvik sa etterpå til avisa at det ikkje er mannen som er farleg, men køyringa hans.

Politiet har mistanke om ruskøyring. Mannen blir framstilt for lege.

Laster Twitter-innhold
Biljakt i Fræna