Hopp til innhold

Polarcus tingar 6 med Ulsteindesign

Reiarlaget Polarcus tingar seks skip, med tre forskjellige Ulsteindesign. Båtane skal byggjast i Dubai.

Polarcus X-Bow

Seks nye båtar med Ulsteindesign skal reiarlaget Polarcus kjøpe.

Foto: Illustrasjon: Ulsteinkonsernet

Fartya er av typen ULSTEIN SX124, ULSTEIN SX133 og ULSTEIN SX134 og verftet som skal bygge dei er Drydocks World i Dubai.

Reiarlaget Polarcus satsar sterkt på miljøfokus og innovative løysingar og dei kjenner Ulsteinkonsernet frå tidlegare, skriv selskapet i ei pressemelding.

Gunvor Ulstein
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Arktiske operasjonar

- Polarcus er i ferd med å bygge opp ein flåte med nokre av dei mest moderne og avanserte seismikkfartøya i verda. Det er sjølvsagt gledeleg og viktig for oss at dei ønskjer ULSTEIN X-BOW® på dei seks nye fartøya sine. Det er ei tillitserklæring når kundane våre kjem tilbake for å bestille nye farty med Ulsteindesign, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

- Noreg har eit komplett og kunnskapsrikt miljø innan seismikk og offshore. Vi har tru på ULSTEIN X-BOW®- konseptet, spesielt med tanke på miljøet. Vi er også opptatt av at mannskapet om bord skal ha gode og trygge arbeidsforhold, og vi meiner dette er eit design som bidreg til å møte også desse krava, seier executive vice president Peter Zickerman i Polarcus.

To av designa som reiarlaget har tinga er spesiallaga for å operere i arktisk farvatn. Dette betyr at skutene er isforsterka med tjukkare spant og hudplater.

Utstyrspakke frå Ulsteinkonsernet

Administrerande direktør i Ulstein Design, Rolf Inge Roth, seier i pressemeldinga at X-bow-skipa har rolegare og tryggare arbeidstilhøve for dei som arbeider på skipet.

Ulsteinkonsernet leverer mykje av utstyret på dei nye båtane, som skal leverast i 2009 og 2010.

Reiarlaget Polarcus arbeider hovudsakleg med seismikkoperasjonar, og er eit relativt nytt selskap.