Hopp til innhold

Mann frakta til sjukehus etter å ha falle ti meter frå stolpe

Ein mann er no frakta til sjukehuset i Molde med luftambulanse etter å ha falle frå ein stolpe i Rauma.

Arbeidsulykke i Rauma

ARBEIDSUHELL: Ein person skal ha falle frå ein stolpe i eit arbeidsuhell.

Foto: EVY KAVLI / Åndalsnes Avis

– Personen vart henta ut med luftambulanse og frakta vidare til Molde sjukehus, seier operasjonsleiar Erik Daniel Dyb. Han seier at skadeomfanget er ukjent.

Fall ti meter

Politiet melde om hendinga like etter klokka 14.00 tysdag. Alle naudetatane rykte ut til staden. Uhellet skal ha skjedd i området mellom Monge og Skiri i Rauma kommune.

Ein person har falle frå ein stolpe i terrenget under arbeid, opplyser politiet.

– Han skal ha falle ti meter og har smerter i begge beina, sa Renate Solheim, operasjonsleiar i Møre og Romsdal til NRK i 15.00-tida.

Uhellet skal ha skjedd i terrenget rundt 600 meter frå vegen.

Luftambulansen henta ut personen

Luftambulansen kom til staden i 14.30-tida. Naudetatane er også framme på staden.

– Luftambulansen skal prøve å løfte personen ut av området, sa Solheim.

Om dette ikkje går vil politiet vurdere å bere personen ut av området og til der ambulansen står.

Klokka 15.45 melde politiet at mannen hadde blitt flogen til sjukehus.

Politiet er usikre på kva type arbeid mannen heldt på med då uhellet skjedde.

Arbeidsuhellet skal ha skjedd mellom Monge og Skiri i Rauma kommune.