Pengar til byutvikling

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet løyver samla inntil 21,2 millionar kroner til Ålesund, Molde og Kristiansund. Pengane skal gå til berekraftig byutvikling, som dei tre byane har samarbeidd om dei siste åra, og som skal styrke dei som attraktive regionsenter. Kunst i byrom i Ålesund, Sjøfronten i Molde og Hamna i Kristiansund er tiltak som får tilskot.

Sjøfronten i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK