Hopp til innhold

Kåte paddar fekk sine eigne tunnelar

Kvar vår kryssar meir enn 12.000 padder europavegen i Austefjorden for å formeire seg.

Padder i Austefjorden

Dei første paddene starta å vandre mot vatnet tidleg i april.

Foto: Odd Harald Sundal

Så snart snøen forsvinn og temperaturen stig, startar tusenvis av padder å bevege seg i sakte fart i Austefjorden i Volda. Skandinavias største paddestand er ganske lydlause på veg frå skogen mot Litlevatnet for å formeire seg.

– Det er eit lite mysterium korleis paddene finn fram til vatnet, men dei navigerer på ulike måtar, seier naturvernar Gunnar Wangen. Han kjempa i over 25 år for å ta vare på denne paddebestanden på Sunnmøre. Bygginga av Kvivsvegen kunne ha tatt knekken på paddene, fordi trafikken går midt i vandringsruta, men Vegvesenet forstod til slutt alvoret.

Dei gjekk med på å bygge sju amfibietunnelar og leievollar til paddene med ein prislapp på over ein million kroner.

Under anleggsperioden bar Gunnar Wangen og Oddvar Olsen 9500 padder over vegen i bøtter for å unngå at dei skulle bli overkøyrde.

– I dag ser det ut som om tunnelane verkar i stor grad for dei vaksne paddene. Det er for tidleg å seie kor godt dei verkar for ungpaddene, seier Wangen.

Ut i naturen: Kunsten å legge seg paddeflat

Oddvar Olsen og Gunnar Wangen framfor ein av paddetunnelane.

Foto: Are Pilskog / Blåst Film AS

Drama for å formeire seg

Det er helst i skumringa paddene flyttar seg og enkelte må gå ein kilometer før dei kjem til vatnet. Med tempoet dei beveger seg i, seier det seg sjølv at vandringa kan ta lang tid.

Blant paddene er det mange fleire hannar enn hoer og dermed oppstår det drama når hannane kjempar om å få formeire seg.

Ikkje sjeldan heng hannane seg fast på ryggen til hoa og klamrer seg fast heilt til dei når vatnet. Wangen har opplevd hoer med fem-seks padder på ryggen.

– Det hender også at padder drep kvarandre, seier Wangen.

Bygda fekk statue

Paddene i Austefjorden har blitt ein attraksjon dei siste åra. Ikkje berre fekk amfibia sine eigne tunnelar. Det vart også laga dokumentarfilm om paddene og bygda fekk si eiga paddestatue. Den er eit ynda fotomotiv for turistar. Det blir også arrangert paddevandringar for publikum som kan kome og sjå paddene med sine eigne auge. Leiar i grendelaget, Lise Ekros, seier at haldingane til paddene har blitt endra dei siste åra.

– Vi har jo alltid visst om paddene, men har kanskje sett på dei som ekle. Dei siste åra har vi blitt meir stolte av dei, seier Ekros. No planlegg bygda å bygge pirar i vatnet, slik at folk kan kome nærare og sjå paddene. Den store draumen i framtida er å etablere eit amfibiesenter i Austefjorden.

Padde statue

Det var stor feiring då paddestatuen vart avduka i 2013.

Foto: Terje Reite / NRK