Hopp til innhold

Testa beredskapen i Oppdølstrandtunnelen

Kommunikasjon var eit problem under øvinga i den 7,5 kilometer lange tunnelen. Men det blir betre når det nye naudnettet blir kopla på.

Redningsøvelse ved Oppdølstrandtunnelen

Alle naudetatar var til stades då beredskapen i den nye tunnelen i Sunndal skulle testast torsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Arnfinn Løvik og Per Bjørn Gjelsten

Arnfinn Løvik og Per Bjørn Gjelsten tok del i øvinga ved Oppdølstrandtunnelen i Sunndal torsdag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det ser ut for at redningsetatane har gjort det dei skal, og det er jo det vi trenar på, seier øvingsleiar Arnfinn Løvik i Statens vegvesen til NRK.

Simulerte trafikkulukke

Torsdag fekk redningsetatane i Sunndal testa beredskapen i ei øving med ei simulert trafikkulukke med brann inne i den nye tunnelen. Oppdølstrandtunnelen opnar i neste veke.

– I og med at dette er ein heilt ny tunnel med mykje teknisk tryggingsutstyr, så må dei øve seg og vere heilt sikre på at dei kan bruke det, forklarar Løvik.

Oppdølstrandtunnelen

Oppdølstrandtunnelen er 7,5 kilometer lang og vil gjere reisestrekninga tryggare.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Problem med sambanda

Etter ei hending er det ikkje slik at naudetatane berre kan køyre rett inn i tunnelen. Brannvesenet går inn først fordi dei er utrusta til å takle eventuell røykutvikling. Sidan kan ambulanse og politi også kome til staden. Men for at denne arbeidsflyten skal gå greitt, er ein også avhengig av velfungerande samband. Men under øvinga viste kommunikasjonen seg å vere problematisk. Dei inni tunnelen sleit med å få kontakt med dei som stod på utsida.

– Om ikkje lenge så får vi det nye naudnettet og når det er på plass får vi ein heilt anna situasjon, seier øvingsleiaren.

Ein tryggare tunnel

Prosjektleiar Per Bjørn Gjelsten er fornøgd med gjennomføringa av øvinga før tunnelen opnar for trafikk.

– No veit mannskap korleis dei best skal ta seg inn den lange tunnelen og bruke utstyret. Dessutan har vi no fått bekrefta at brannventilasjonen er god, seier han.

Den 7,5 kilometer har blant anna LED-lys som gir betre sikt og mindre behov for lysreparasjonar, samt over 70 naudstasjonar. Tunnelen har ein eigen rømmingsveg og vert dessutan overvaka av Vegtrafikksentralen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL