NRK Meny

Overraska av vind og snø

Dei to utanlandske fotturistane som var fast på Romsdalseggen, blei overraska over sterk vind og snøvêr då dei kom til toppen, melder politiet. Dei to var eit par i 20–30 års alderen, og måtte få hjelp av både fjellredningsgruppe, Røde Kors og folk frå lensmannskontoret i Rauma for å kome seg ned. Men alt gjekk bra til slutt.