Øverlandsvatnet blir tørrlagt
I sommar skal Molde kommune renovere og forsterke demninga i Øverlandsvatnet, skriv kommunen i ei pressemelding. Det fører til at vatnet må bli tømt, og at delar av turvegen rundt vatnet blir utilgjengeleg. – Det skal vere større tryggleik for at dammar ikkje skal bli øydelagde på grunn av istrykk og jordskjelv, seier Bjarne Koppen i Molde Vann og Avløp KF i pressemeldinga.