NRK Meny
Normal

Ønskjer seg gamaldags husmorvikar

På sekstitalet var det ganske vanleg med ei ordning med husmorvikarar. I samband med fødslar og sjukdom kunne kommunalt tilsette hjelpe til med husarbeid. KrF i Giske vil blåse støvet av den gamle ordninga.

Ståle Godø

Ståle Godø ønskjer husmorvikaren tilbake.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Det kan bli hektiske dagar for både små og store når dei vaksne skal på jobb, barna i barnehagen, og hus og kle skal vere reint og fint. Tidlegare var husmorvikaren aldri langt unna når familiane trong hjelp. No kan ideen vere på veg tilbake.

Det er leiar i KrF, Ståle Godø, som har teke initiativet til ein debatt om ordninga med husmorvikar. Kva tykkjer du? Er det politisk ukorrekt og gamaldags i dag? Eller vil dette vere ei positiv handsrekking til dei som slit med praktiske gjeremål i heimen? Skriv meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.

Gamal ordning

Husmorvikar er en god hjelp å få når mor er syk

Husmorvikarane besøkte årleg 50 000 familiar i Noreg på 50- og 60-talet.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Tradisjonen med husmorvikar har lange røter. På 50- og 60-talet fekk rundt 50 000 familiar praktisk hjelp i heimen kvart år. Ståle Godø, som er leiar i Giske KrF, trur det er behov for ordninga. Han trur det kan hindre at familiar som slit, endar som sosiale kasus.

– Det er kanskje berre litt praktisk hjelp som trengst, to hender. Dette må uansett vere eit lågterskeltilbod. Det er ikkje sikkert det skal vere eit kommunalt tilbod, heller, seier Godø.

Kom når mora var sjuk

Norges Husmorforbund starta kurs for husmorvikarar i 1947. Vikarane skulle erstatte husmora arbeid i krisesituasjonar, det ville gjerne seie når husmora var sjuk, skriv Store Norske Leksikon. Etter kvart som det blei færre heiltidshusmødre og sosiale ordningar som barnehagar, farspermisjonar etc. blei ordninga avvikla.

Syns ordninga var god

husmorvikar

Husmorvikaren var god å ty til når familiane hadde ekstra behov.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Petra Marie Røssevold, som i dag er godt vaksen, fekk hjelp av husmorvikaren fleire gongar, og meiner det er eit gode som også unge folk kan ha bruk for i dag.

– Eg brukte husmorvikar i samband med fødslar. Då eg hadde to små heime og venta det tredje barnet. Då hadde eg behov for slik hjelp, seier ho.